Tilbake
Camerat
Camerat

Snømørkt - ei mor si krigshistorie DIGITAL PRODUKSJON

Ei digital konsert-forteljing om familien Morsets motstandskamp i Selbu under 2. verdskrigen. 7 unge brør vert involverte i kampen mot nazismen. Det er mor deira som fortel historia. Gjennom monolog, film og musikk formidlar skodespelar Elisabeth Matheson og musikar Øivind Farmen den gripande historia om prisen for fridomen.

Regi: Magnus Lillemark. Musikk: Terje Bjørklund. Tekst: Elisabeth Matheson

HANDLINGA: Historia om Morsetfamilien vart kjend for heile landet gjennom Per Hansson si bok frå 1963: Og tok de enn vårt liv. Fleire generasjonar nordmenn fekk eit sterkt forhold til boka. Men 70 år etter dei dramatiske hendingane er boka og Morset-familien si historie på veg ut av medvit, klasserom og bokhyller. Samtidig er nynazistisk tankestoff på veg inn.

TEMA OG MÅL: Korleis skal menneske finne mot til å kjempe for frihet og demokrati? Filmen viser prisen motstandskampen hadde for mange, og kva traumer krig kan føre til for individ og familier. Med Snømørkt ønskjer vi å skape forståing for dei som slit med krigstraumer; mange av desse kjem i dag til våre lokalsamfunn. Vi vil også tenne engasjement blant ungdom for å stå opp for - og verne – demokratiet.

Snømørkt - ei mor si krigshistorie er filma på eit fraflytta småbruk i Selbu. Vi viser mor Marit Morset på kjøkkenet etter krigen, der ho fortel historia, delvis rett i kamera, for å halde minner og mareritt i sjakk. Den einaste som er tilbake saman med henne er den yngste sonen Trond. Han var 12 år da dei dramatiske hendingane fann stad, og er no vorte ein sky og inneslutta 17-åring. Fortellinga har energi, dramatikk og humor i tillegg til alvor og sorg. Monolgen er skrive på nynorsk og framførast på Tydalsdialekt. (Liknar på Røros-mål). Marit Morset var frå fjellbygda Stugudal i Tydal, søraust i Trøndelag.

Materialet er tidlegare framført live for firma, Den Kulturelle Spaserstokken, og på nokre opne framsyningar. Den digitale versjonen er tilpassa ungdom i ungdomstrinnet og  videregåande skule. I møte med publikum har vi fått sterke reaksjonar på stoffet. 

Her er nokre sitat frå publikum:

"Vi fikk oppleve en sterk historie der skuespiller og musiker utfylte hverandre på en fremragende måte. Magisk og rørende! At temaet i ”Snømørkt” fortsatt er dagsaktuelt fikk vi bekreftet gjennom en av våre ansatte som satt i salen, og som kom til Norge fra Bosnia Herzegovina tidlig på 2000-tallet; «Dette kunne ha vært min historie – dette har jeg erfart». Dere tok pusten fra oss”. - Arve Renå. Malvik kommune.

"En sterk forestilling om menneskers styrke og vilje i en vanskelig tid! Den griper tak i deg og åpner for refleksjon om hva som virkelig betyr noe. Musikken i stykket bidrar til en helhet - det er ikke mulig å ikke bli berørt". - Gunnar Ross, NAV Trøndelag

"Umulig å gå derfra uten å være berørt."  

"Historien er sterkt i utgangspunktet, men selve framføringen og musikken gjorde den bare enda sterkere."

"En historie som setter seg i marg og bein."

Link til nedlastbar vimeolink og passord sendast til den enkelte skule. VIKTIG: Skulene kan ikkje vise filmen til andre enn dei som får tilbodet, dvs. 8.-10. trinn  i skuleåret 2020-21. To veker etter at filmen er lasta ned skal alle nedlastingar slettast og det skal sendast ei skriftleg stadfesting pr e-post til Elisabeth Matheson: elismatheson@gmail.com  om at dette er gjort. Dette har med rettigheiter og eigedom til verket å gjere, både til sjølve filmen, teksten og musikken.

Produksjonen er støttet av Trøndelag fylkeskommune,Selbu kommune og Selbu Sparebank. 

Lærerveiledning

Dette digitale tilbodet kan knyttast opp til demokrati-forståing, ytringsfridom, historieundervisning og nynorsk.

Boka Og tok de enn vårt liv av Per Hansson (1963) er å få kjøpt som fysisk bok og som e-bok. Boka kan lesast før eller etter at elevane har sett filmen. Elevane kan få i oppgåve å velgje seg ein av dei sju sonene, sette seg inn historia sett frå denne personen, og følge fluktruta til denne personen på kartet og i kalenderen. I framføring for klassen vil heile familien si krigsoppleving og/eller fluktruter bli kartlagd. 

Ein kan også fokusere på ytringsfridom. Med utgangspunkt i filmen: Kva for grep vart brukte for å kontrollere tanker og meiningar under andre verdskrigen? Kva vart sensurert, forbudt og straffa av kunst, kultur, idrett, foreiningar og politiske ytringar? Kor langt inn i heimane kom sensuren?

Om utøvere og produsenter

  • Arrangert av: Trøndelag
  • Produsent: Elisabeth Matheson
  • Idé/opplegg: Elisabeth Matheson 


Om kunstner / utøver / gruppe

Se nedlastbar biografi/CV

Publikumskommentarer