Tilbake
Foto: André Soltvedt

Kodeord Overlord

Dette opplegget baserer seg på barne- og ungdomsboka Kodeord Overlord frå 2019. Innleiingsvis legg Røssland fram eit kort historisk bakteppe for boka, der dei faktiske hendingane som førte fram mot D-dagen - 6. juni 1944, blir gjennomgått. Og kor viktig den allierte landgangen i Normandie var for utfallet av krigen. Midt oppi dette hamnar hovudpersonen i boka, Henry, og rett før D-dagen blir han arrestert, mistenkt for spionasje. Den britiske sikkertheitsstenesta - MI5, var livredde for at Henry hadde avslørt kor og når landgangen skulle finne stad, og dei skydde ingenting når han skulle avhøyrast. Og spørsmålet lesaren sit med er: Korleis skal Henry bevise si uskuld? Utan at det går ut over soldatane han har blitt så gode vener med?

Røssland snakkar om at han fekk ideen til boka for over 35 år sidan, og korleis han med jamne mellomrom har funne fleire og fleire puslespelbitar i aviser og på nettet. For boka er inspirert av ei sann historie, og det ligg enormt mykje research bak det endelege resultatet. Han fortel også om at menneskas historie ikkje nødvendigvis må forteljast hundre prosent historisk korrekt i ein roman, men at dramatisering og dikting er med på å gjere historia meir spennande og tilgjengeleg for lesarar i dag. Men dette er ein vanskeleg balansegang, som elevane får innsyn i.

Med animasjonar, bilder og filmsekvensar blir boka presentert, men sjølvsagt aller mest gjennom formidling av sjølve boka. Sjølv synest forfatteren at dette er det beste opplegget han kan tilby. Det gir elevane innsikt i ei viktig del av Europas historie som mange ikkje veit nokon ting om. Det viser elevane korleis dei sjølv kan snekre saman ei spennande forteljing, og dei blir forhåpentlegvis frista til å lese fleire bøker.

Kodeord Overlord er ei av bokslukerbøkene i år (www.bokslukerprisen.no) 

Om utøvere og produsenter

  • Arrangert av: Trøndelag
  • Kunstnere/grupper: Tor Arve Røssland

Om kunstner / utøver / gruppe

Tor Arve Røssland (f. 1971) har ugitt en rekke bøker for barn og ungdom siden debuten i 1999. Røssland er kjent for å skrive drivende god spenning, og han er nominert til Uprisen fem ganger. Han er født i Bergen, oppvokst i Kvinnherad og bor nå på Halhjem utenfor Bergen. (www.vigmostadbjorke.no)

Publikumskommentarer