Tilbake

Danseverkstaden Spring!

I ei verd med ulike kulturuttrykk og kanalar er det identitetsskapande å kjenne til tradisjonane frå heimplassen. Danseverkstaden Spring! ynskjer å gi elevar i Møre og Romsdal ei felles oppleving av levande musikk, samdans og lokal forankring.

Folkedans er inkluderande, miljøskapande og gir eit unikt høve til trening av rytme, motorikk og balanse i leik. Sjangeren er lett tilgjengeleg for alle typar fysikk og er dermed spesielt eigna for mestringskjensle. Pardans inkluderer nær sagt alle sansar og gir elevar høve til å jobbe trygt i naturlig fysisk samhandling.

Mykje av dansetradisjonen i Møre og Romsdal er i ferd med å dø ut då ein ikkje har grepe eller fått høve til å lære desse fantastiske rørsleskattane. Det er i dag også få arenaer der unge har høve til å bevege seg til levande kvalitetsmusikk, få kjennskap til musikk i ulike taktartar, og til å møte dyktige folkedanspedagogar.

Elevane får lære å danse den springaren/polsen som er nærast skolen av dei formene som vi i dag kjenner til. I praksis vert dette Todalspols på Nordmøre, Romsdalsspringar i Romsdal, og på Sunnmøre: springarane frå Tafjord, Sykkylven/Stranda, Nordre Sunnmøre og Søre Sunnmøre – i alt fem ulike, unike og lokale dansar.

Om utøvere og produsenter

  • Arrangert av: Trøndelag
  • Kunstnere/grupper: Hildur Dansekompani
  • Produsent: Hildur Dansekompani
  • Idé/opplegg: Hildur Dansekompani

Om kunstner / utøver / gruppe

Anna Gjendem er en ung, moderne danser fra Molde med solid festet i tradisjon.  Utdannet Utøvende folkedanser fra Universitetet i Trondheim med en mastergrad i Tradisjonskunst fra Høgskolen i Telemark.

I tillegg til sin stilling som daglig leder ved Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal, arbeider hun fulltid som utøvende tradisjonsdanser. Hun bruker tradisjonsdansene og musikken i scenisk arbeid, og underviser for alt fra barnehager til eldre mennesker. Anna er fast danser i Hildur Dansekompani og turnerer for øyeblikket med oppsetningen «Danseverkstaden – Spring! » (Kultursekken i Møre og Romsdal) og dansekonserten «Å du store mi tid» (Spaserstokken i Møre og Romsdal og Steinkjer)

Mathilde Øverland kjem frå Molde, kor ho gjekk musikklinja ved Molde Videregående med song som hovudinstrument. Ho lærte å kvede i gudbrandsdalstradisjon på Folkemusikklina ved Vinstra, før ferden gjekk til Trondheim og Voss for bachelor i utøvande tradisjonsdans. Itillegg til kvedetimar hjå Camilla Granlien frå Ringebu har ho lært av Unni Boksasp frå Nordmøre, Kim Andre Rysstad frå Setesdal m.fl.. Dei siste åra har ho starta arbeidet med fordjuping i Romsdalsk songtradisjon.

Jo Einar Jansen er fele-, hardingfelespelar og songar frå Frosta i Nord-Trøndelag. Han har nordisk master i folkemusikk og ein kreativ, kraftfull og dynamisk spelestil. Med rot i folkemusikken frå heimfylket spelar Jo Einar tradisjonsmusikk ifrå heile Norden. Han er med i grupper som Duo Jansen/Jüssi og Rim, og er i tillegg ein glimrande soloutøvar, men ekstravagante kvalitetar som dansespelemann.

Britt Elise Skram jobbar som frilans folkemusikar og som folkemusikklærar i kulturskulen med fele som hovedinstrument. Ho tok kandidatstudiet i folkemusikk ved Norges Musikkhøgskole i åra 1999-2003 med lærarar som til dømes Sven Nyhus og Per Sæmund Bjørkum. Som dansespelmann er ho aktiv både som solist og i gruppene Werner Barth, Vangsgutane, Øresus, Spelemannslaget Dåm og Drag og Kystfolket. Hun er vikar 30. og 31. oktober.

Publikumskommentarer